Lånereglar

Alle som bur i Noreg har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Høyanger bibliotek.

Du må registrere deg som lånar og få lånekort for å låne. Dersom du har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du stikke innom oss for å knyte kortet til Høyanger bibliotek, slik at du kan låne frå oss.

Barn under ungdomsskulealder må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.

Lånarar har rett til

Du kan låne heim alt i samlinga vår, og om du ynskjer å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg på venteliste. Bøker, filmar og anna materiale vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.

Lånarar har plikt til

  • Du må melde frå til biblioteket ved adresseendring.
  • Utlånt materiale som ikkje er levert tilbake vert purra etter forfall. Lånaren må betale gebyr for purringa. (Barn under 16 år betalar ikkje for første purring.)
  • Som lånar er du ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagde eller bortkome materiale må erstattast.
  • Dersom du ikkje held dei fastsette utlånsreglane, kan du miste retten til å låne for ei tid.

Lånetid

  • Bøker, lydbøker og digikort – 4 veker
  • Tidsskrift, musikk, tv-seriar og dataspel – 2 veker
  • Film – 1 veke

Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom til biblioteket eller logg deg inn på mine sider (hoyanger.bib.no eller via bibliotekets app Bibliofil) for å fornye lån.

Ordensreglar ved Høyanger bibliotek

Besøkande på biblioteket må opptre i samsvar med alminneleg god folkeskikk og norsk lov

Det er ikkje tillat å opphalde seg på biblioteket i synleg ruspåverka tilstand

Det er ikke tillat å nytte rusmidlar på biblioteket

Inntak av drikke\mat\snop kun etter avtale med personalet, elles forbode

Førarhund \servicehund er tillat på biblioteket. Andre dyr har ikkje adgang

Følger ved brudd av ordensreglement:

Brudd på ordensreglement kan føre til midlertidig bortvisning frå biblioteket. Politiet kan bli tilkalt for å foreta bortvisning

Lovbrudd kan føre til anmeldelse

Alvorlig eller gjentatte brudd på ordensreglementet kan føre til utestenging og \ eller sperret lånekort for ei lengre periode. Beslutning om utestengning fattes av biblioteket. Beslutninga kjem skrifteleg.

Ordensreglementet er fastsatt med hjemmel i biblioteklova § 4,tredje ledd

 

 

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close