Tilbod til skuleklassar
Alle på 1. trinn får invitasjon til å besøke biblioteket saman med klassen sin. Då kan barna få sine eigne lånekort, ein introduksjon til biblioteket og ei formidlingsstund.
Ta kontakt med oss, så finn vi ei passande tid for besøk!
Eit typisk klassebesøk kan innehalde:
- informasjon om biblioteket
- utdeling av lånekort
- boktips
- lesestund / høgtlesing
Bokkassar
Barnehagar og skular kan bestille bokkassar frå dei ulike filialane i kommunen. Bøkene frå bokkassane kan til dømes brukast i leseprosjekt, som klassebibliotek eller i undervisninga. Bokkassane vert gjort klare i biblioteket, og må hentast og leverast tilbake av barnehagen eller skulen sjølv. Lånetida for bokkassar er 3 månader. Kontakt den næraste bibliotek-filialen din for å bestille ei bokkasse.
Treng du fleire eksemplar av same boka, til dømes til ein klasse, kan du bestille klassesett frå Bibliotekutvikling Vestland. Klassesett er eit tilbod til alle skulane i Vestland fylke. Bøkene frå klassesettsamlinga vert sendt til næraste folkebibliotek, og skulen hentar og leverer bøkene der.
Skulebibliotek
Det er skulen som har ansvar for skulebibliotek. Folkebiblioteket kan støtte skulen sitt arbeid med bibliotek og leselyst. Vi har skulebibliotek på Bjordal skule, Lavik skule, Vadheim skule og Kyrkjebø skule. Høyanger skule nyttar hovudbiblioteket i sentrum av Høyanger.
Sommarles
Kvar sommar har Høyanger-biblioteka ein lesekampanje for dei mellom 6 og 13 år. Dette er ein nasjonal kampanje som mange bibliotek i landet deltek på. Målet er å stimulere leselysta og få flest mogleg barn til å lese gjennom ein lang sommarferie. Kampanjen føregår frå 1. juni til 31. august.
Les meir om Sommarles og finn ut korleis delta!