Meiropen avdeling kl. 07.00-22.00 kvar dag

Meirope bibliotek gir deg tilgang til avdelinga vår for faglitteratur. I tillegg til samlinga av faglitteratur, disponerer du studieplassar, konferansebord, digital skjerm og sjølvbetent utlånsautomat.

Kontrakt

For å få tilgang til meirope avdeling, må du inngå skriftleg avtale med Høyanger bibliotek, kontakt oss i skranken.
Opningstida er kl. 07.00-22.00 kvar dag.

Slik gjer du

  • Du kjem deg inn ved å bruke ei kodebrikke og ein pinkode.
  • Du scannar brikka på kodeboksen og tastar pinkoden din.
    • Dette må du gjere ved to dører. Døra vil opne seg og du kan gå inn.
  • Alle må låse seg inn med eige lånekort.

Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Som brukar av den meiropne avdelinga pliktar du å følge reglane:

  • Du må vere 18 år for å få adgangskort
  • Foreldre / føresette kan ha med seg eigne barn under 15 år
  • Vis omsyn til andre
  • Hald ro og orden
  • Rett deg etter lånereglane som gjeld til ei kvar tid
  • Kontrakten og kodebrikke/pinkode er personleg og det er berre du som kan bruke den
  • Brot på reglane kan føre til at du mistar retten til å bruke meirope avdeling
  • Foreldre / føresette kan ha med seg eigne barn under 15 år. Av omsyn til barnas tryggleik skal du ikkje etterlate dei aleine
  • Døra vert automatisk låst når du har gått inn. Når du skal forlate meirope avdeling, brukar du dørknappen for å opne døra. Du treng ikkje kodebrikke/pin for å gå ut, men pass på at du har det med deg dersom du skal inn att
  • Orienter deg om kvar nødutgangane er (sjå oppslag i foajeen). Viss brannalarmen går, må du forlate huset med ein gong

Meiropen avdeling og gangen utanfor er videoovervaka. Dette er av omsyn til tryggleiken din og for å førebygge hærverk på inventar og utstyr. Hærverk vert meldt til politiet.

Praktisk informasjon

  • Lyset vert sløkt automatisk når det meiropne biblioteket stenger, og innbrotsalarm vert skrudd på.
  • Opphald i det meiropne biblioteket skjer på eige ansvar. Du må derfor passe på å vere ute av lokala når det stenger.

Slik låner du

Bruk utlånsautomaten. Rettleiinga på skjermen viser deg korleis du går fram for å låne.
Når du brukar automaten, må du passe på at du registrerer alle låna dine. Det kjem ei grøn hake ved sida av tittelen på materialet når du har registrert strekkoden. Ved raudt kryss har du scanna feil strekkode og må prøve på nytt.

Arrangement

Av og til vil det vere arrangement på biblioteket i meiropen tid. Arrangementa vert annonserte under arrangementskalenderen Kva skjer og på biblioteket si facebook-side.

Spørsmål?

Om du har spørsmål eller innspel må du kontakte biblioteket i betjent tid.
Kontaktinformasjon finn du på på kontaktsida vår.

Velkomen som brukar av meirope bibliotek!

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close