Pressreader
Les aviser og tidsskrift frå heile verda via biblioteket ditt! Appen Pressreader gjev deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift, p.t. til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende.
Slik får du tilgang:
Last ned og installer appen Pressreader frå Google Play eller App Store.
Kople deg på nettverket på biblioteket. Brukar: publikum passord: wlansys09
Du kan også få tilgang til Pressreader direkte frå biblioteket sin app Bibliofil. Du finn bibliofil-appen i Google Play og Apple Store.
Du må ikkje vere på biblioteket for å kunne lese aviser og tidsskrift. Du har nemleg full tilgang til Pressreader i 7 dagar – men du må innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen.
På pc går du inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk. Du kan også få tilgang via Bibliofil frå menyen Digitale tenester.
Avistenesta til Nasjonalbiblioteket
Les aviser heime
På nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du lese digitaliserte aviser frå heile landet, både gamle og nye. Dei eldste avisene er fritt tilgjengelege for alle, medan andre er regulerte etter kva årstall dei kom ut.
Full oversikt over kva for aviser som er tilgjengelege får du hos Nasjonalbiblioteket.
Les fleire aviser på biblioteket
Biblioteka i Norge har utvida tilgang til nye, digitaliserte aviser. På biblioteket kan du 14 dagar etter utgjeving lese aviser som Dagbladet, Dagens Næringsliv, Nationen og Firda. Du logger inn med dagens passord og kan bruke både biblioteket sine pc’ar og eigen pc.
Slik får du passord og tilgang:
Sjå oppslag ved pc i biblioteket eller spør personalet.
Dokumentasjon og forsking
Besøkande hos biblioteket kan få utvida tilgang til digitaliserte aviser på bestemte vilkår.
Slik får du tilgang:
Du må opphalde deg i biblioteket og søke om tilgang via Feide/MinId. Dei tilsette ved biblioteket må godkjenne søknaden din. Ved innvilga søknad får du tilgang til å strøyme/lese dokumentet i opptil 8 timer.
Tilgang til tidsskrift
Tidsskrift som er utgitt for 90 år sidan eller meir er tilgjengelig for alle via Nasjonalbibliotekets nettbibliotek. I tillegg har Nasjonalbiblioteket gjort avtale med ein del nyare tidsskrift om at dei skal vere fritt tilgjengelige (nokre av dei tidsavgrensa).