Andre ressursar

Nettbiblioteket

Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek, (tidlegare bokhylla.no), kan du lese norske, digitaliserte bøker som kom ut frå år 2000 og tidlegare. Pr. 2021 er det over 500 000 bøker tilgjengeleg i nettbiblioteket. I tillegg er det mogleg å lese mange tusen tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete.

Nettbiblioteket er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Nasjonalbiblioteket kan etter på spørsmål gje andre brukarar tilgang for særskilte formål, i hovedsak forsknings- og utdanningsformål, etter nærare definerte kriterium. Bøker som er opphavsrettsleg beskytta, er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift.

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket. Det flerspråklige bibliotek har eit stort uval av bøker, på 70 språk! Vi på biblioteket kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har eit Nasjonalt lånekort kan du sjølv bestille bøker gjennom søket til DFB og få det sendt til eit av biblioteka våre.

Verdensbiblioteket

Våren 2019 vart verdensbiblioteket.no offisielt lansert. Her finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk som er tilgjengelege for strøyming. Du kan strøyme så mykje du vil frå Verdensbiblioteket. Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, tyrkisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket.

Slik får du tilgang
Du må besøke sida frå ei norsk IP-adresse, opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet. Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse. Enkelt og greit!

Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for verdensbiblioteket.no.

Helsebiblioteket

Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til fagprosedyrer, oppslagsverk, databasar, tidsskrifter og andre kunnskapsressurser for helsepersonell.

Dei fleste av oss vil ein eller annan gong i livet vere pasient eller pårørande. I helsebiblioteket finn du også oppdatert informasjon om mange ulike lidingar, berekna på denne målgruppa.

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit offentleg bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker. Tilbodet er for alle som strevar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sjukdom.

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close