BookBites
Biblioteka i Høyanger kommune brukar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Du finn BookBites-appen i Google Play og Apple Store.
I BookBites-appen kan du tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men du kan lese dei utan nettilgang (offline). Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.
Slik gjer du det
Last ned appen Bookbites
Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller lytt.
Leser søker bok
Det finst gode bøker for alle type lesarar. Foreininga Leser søker bok arbeider for at lesarar med dysleksi, generelle lesevanskar, konsentrasjonsvanskar, kognitive utfordringar, synshemmingar, hørselshemming eller lesarar som held på å lære seg norsk, skal finne ei god bok. Det finst til dømes bøker med punktskrift og følebilete som du kan kjenne med hendene og bøker med enkelt språk som er lette å forstå. Leser søker bok samarbeider med mange folkebibliotek og på biblioteka i Høyanger kan du låne bøkene!
Lesekroken
Lesekroken.no er ein nettbasert eventyrportal med blant anna eventyr og barnesongar på 22 språk. Lesekroken er tilgjengelig på PC, nettbrett og smarttelefon. Lesekroken er tilrettelagt for alle, både minoritetsspråklege, tospråklege og dei med norsk som morsmål. Det er dei same fire eventyra som går igjen på kvart språk: Mannen som skulle stelle hjemme, De tre bukkene Bruse, Den syvende far i huset og Pannekaka.
Lesekroken inneheld også ulike oppgåver og aktivitetar knytt til eventyra, som puslespel, fargelegging og karaoke!
Slik får du tilgang
Ynskjer du tilgang til portalen får du publikumspassord på biblioteket.